Tor Haugerud vil holde musikalsk verksted for 4-5-åringer med utgangspunkt i ReMida-materialer.

Kling – tokk – flapp! Leik med materialer og musikk
Eg vil undersøke barn sin umiddelbare musisering i møte med kjente materiale som treverk, metall, papp og papir og i tillegg stemmen. Tanken er å presentere desse materiala for barn og finne ut korleis vi saman kan skape musikk ut av det. Prosessen vil gjennom oppgåver, historiar og stundom enkel dramatisering freiste å leie barn inn i ein nyansert og fantasifull leik som gjer dei kjent med materiala og objekta, kva dei kan uttrykke og korleis dei kan spelast på. Oppgåva er å få barna til å lytte på seg sjølv og kvarandre og til lyden dei skapar saman i rommet. Prosjektet har den føremonen at den ikkje skal ha eit spesielt resultat, bli fint eller flott, men at det kan gje borna og dei vaksne i kring kjensla av å skape noko saman.

Konserten Kakk Kaboing!