Mari Raunsgard skal hausten 2020 gjennomføra musikkverkstader med barn i Kongsgården.
Ho ynskjer å sjå på korleis barnehagepersonale og born saman kan møta musikken som samspelande og samskapande gjennom improvisasjon og leik med ulike instrument.
Klarer pedagogen å legge didaktikken igjen ute og bli med på det som skjer? Klarer me å sleppe laus kunstnaren i oss og lage musikk? Kva former tar samspelet? Korleis høyres det ut? Blir det musikk eller støy – og kva er skilnaden, for oss?
Med Lydhør i Kongsgården som ramme og eit stjernelag av instrument vil ho, saman med born og barnehagepersonale utforska korleis samspel kan oppstå og bli til musikk.
Mari er utdanna barnehagelærar frå Dronning Mauds Minnes Høgskule. Ho har jobba som pedagogisk leiar i Birralee International Kindergarten sidan 2013, og i barnehageåret 2020/2021 er ho også andreårsstudent i masterprogrammet Kunstpedagogikk og barnekultur ved DMMH.